Lokalitetar

1

Steinvik Rensefisk

Steinvik Rensefisk ligg i Breivika i Svelgen, i Bremanger kommune.

Dette er eit landbasert anlegg som no driv med produksjon av rognkjeks, til bruk som rensefisk.
Framtidige planar er å bygge eit settefiskanlegg og eit postsmolt anlegg (påvekst anlegg ) for laks og aure i tillegg.

2

Barlindbotn Settefisk AS

Barlindbotn Settefisk ligg i Barlindbotn, inst i Eikefjorden, i Flora kommune. Det landbaserte anlegget er eit tradisjonelt settefiskanlegg for produksjon av yngel og settefisk av laks og aure.

3

Steinvik

Lokaliteten ligg i Flora kommune, på Steinvik nær kontorbygget på Hopen, på nordsida av Høydalsfjorden.

Denne lokaliteten vart teken i bruk i 1986 då Steinvik Fiskefarm vart stifta, og var den fyrste lokaliteten til bedrifta.

4

Seljeseth

Lokaliteten ligg ca. 4 km frå Steinvik utover i bygda, og vart teken i bruk i 1989.

5

Klavelandet

Lokaliteten Klavelandet ligg på nordsida av Solheimsfjorden, nær rasteplassen på riksveg 5 mellom Florø og Eikefjord. Denne kan også berre nåast via båt.

Lokaliteten vart teken i bruk i 2006.

6

Sveholmane

Denne lokaliteten ligg på sørsida av Høydalsfjorden i Flora kommune.

Den vart teken i bruk i 1992, og har dobbelt akvafôringsanlegg frå fôringsmodul i stål 1998, med 4 siloar totalkapasitet 120 tonn fôr. Det vil seia at denne lokaliteten kan ein ikkje nå frå land, kun via båt.

7

Ålvora

Denne lokaliteten ligg på sørsida av Solheimsfjorden, ca. 3 kilometer vest  frå Klavelandet, og kan berre nåast via båt.

8

Veiesundet

Veiesundlokaliteten ligg på sørsida av Solheimsfjorden, i Flora kommune, men lenger vest frå  Ålvora. Tilkomst via båt.

Lokaliteten vart teken i bruk i 2011, og er den siste lokaliteten til Steinvik Fiskefarm.

9

Kviteskjeret

Lokaliteten på Kviteskjeret ligg i Flokeneset, inst i Stavfjorden, i Askvoll kommune. Denne kan berre nåast med båt.

Kviteskjeret vart teken i bruk i 2004.

10

Hella

Denne andre lokaliteten av totalt 2 lokalitetar i Askvoll kommune, ligg i Stongfjorden.

Lokaliteten vart teken i bruk i 1996 av Steinvik Fiskefarm, då bedrifta kjøpte Sund Fisk på Flokeneset.