Steinvik Rensefisk

Steinvik Rensefisk ligg i Breivika i Svelgen, i Bremanger kommune.

Dette er eit landbasert anlegg som no driv med produksjon av rognkjeks, til bruk som rensefisk.
Framtidige planar er å bygge eit settefiskanlegg og eit postsmolt anlegg (påvekst anlegg ) for laks og aure i tillegg.
Postsmolt er smolt som går i sjøvatn på land til den vert utsett i sjø ved ei snittvekt på 600 – 1000 gram.

Steinvik- gruppa overtok denne bygningsmassen etter landbasert flatfiskproduksjon og torskeyngelproduksjon , og stifta i 2013 Steinvik Rensefisk.

Tal tilsette : 7
Konsesjon smolt : 4,5 millionar smolt.
Konsesjon rognkjeks : 10 millionar individ.
Driftsleiar : Kjartan Wiik