Nye medarbeidarar

Steinvik Fiskefarm driv med matfiskproduksjon av laks og aure på 7 lokalitetar i Flora og Askvoll, samt settefisk og rognkjeksproduksjon i høvesvis Flora og Bremanger.

Selskapet har ein produksjon av matfisk på 10.000 tonn pr. år. Hovudkontoret ligg på Steinvik i Høydalsfjord, med arbeidsbasar på Seljeseth, Flokenes, Barlindbotn og Svelgen.

Vi er ei spennande næring i sterk utvikling, og kan tilby eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. For våre tilsette har vi gode tekniske løysingar, med avansert utstyr, som gjev lettare og meir spennande arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr ryddige tilsetjingstilhøve og gode velferdsordningar.

Steinvik Fiskefarm er ein bevisst distriktsutbyggar og ein engasjert støttespelar i lokalsamfunnet.

Vi treng stadig nye medarbeidarar.

Steinvik søkjer særskilt etter personar med relevant utdanning, og/eller relevant røynsle i næringa.

Send søknad med CV til: jobb@steinvik.no