Arrangement

Neste open dag: 27. mai 2017

Frå klokka 11.00 til 17.00 – Følg oss på Facebook


Kvart år har vi «open dag» på Steinvik  Fiskefarm Visningssenter. Dette har blitt eit årvisst arrangement ein av dei siste laurdagane i mai (etter 17. mai).

Vi har arrangert Open Dag kvart år sidan visningssenteret vårt opna i 2011. Open Dag har opparbeidd seg eit godt rykte og blitt eit etterspurd familiearrangement med svært mange besøkande.

På denne laurdagen tilbyr vi publikum i alle aldrar å  KOMA, SJÅ  OG  OPPLEVA : fisken i mærane, oppdrettsutstillinga, fiskekonkurranse for born (vi held fiskeutstyret), spørjekonkurranse, trekking av premiar, veteranbilar og amcar-bilar, båt-turar, stand med Røde Kors, sal av røykelaks og grilla laks m.m.

I tillegg  vankar det som regel ei SPENNANDE  OVERRASKING kvart år.

Og sjølvsagt er det GRATIS  INNGANG  FOR  ALLE !

Sjå annonser i aviser, plakatar og på nett når det nærmar seg i mai.

Les artiklar og sjå flotte bilde frå open dag:

Steinvik Visningssenter i Firda 24. mai 2014

Steinvik Visningssenter i Firdaposten 30. mai 2015

Open dag på Facebook

Open dag 2013

Open dag 2013