Historia

Steinvik – frå fiskarbonde til lakseindustri

  • På garden i Steinvika har det vore drive tradisjonelt jordbruk ved sidan av fiske og handverk, som båtbygging og smie, i fleire generasjonar.
  • Tidleg på 1980-talet såg nye generasjonar nye moglegheiter. Starten på den nye tida var Bru Fiskeoppdrett, med smoltproduksjon i Storevatnet.
  • Frå 1986 har det vore oppdrett av matfisk i Steinvika. Allereie etter eit års produksjon var Steinvik ein av oppdrettstoppane i Noreg.

Frå slutten av 80-talet, då oppdrettseventyret på Steinvik starta, har Steinvik Fiskefarm hatt mange utfordringar av alle slag:

  • dei har opplevd FOS-konkurs som førte med seg store økonomiske tap.
  • ulike typar laksesjukdomar og utfordringar med lakselus.
  • store variasjonar i vêrtilhøve som stormar, orkan og unormal høg temperatur i sjøen.
  • protestar og motstand frå fjern og nær som vil hindra utvikling og vekst.
  • og lakseprisar i fritt fall til under kostpris.

Men også mange positive hendingar og knoppskytingar i kjølevatnet av eit oppdrett som går godt:

  • Barlindbotn Settefisk som gjev god tilgang på smolt/settefisk.
  • skiping av Seaborn AS, som er eit oppdrettareigd eksportselskap, med heile verda som marknad.
  • HAVdyrkerne BA – eit nettverk av mindre oppdrettarar i samarbeid om ulike ting som gjev innkjøpsføremoner. Vart seinare fusjonert med Salmon Group.
  • Aqua Dykk– gjev profesjonelle dykkartenester til oppdrettsanlegg.
  • Steinvik Fiskefarm Visningssenter – oppdrett ope for publikum.
  • Havsterk, eit selskap som utviklar fôrflåtar, «dødfiskflåtar» og arbeidsbåtar i kompositt.
  • Steinvik Rensefisk som driv produksjon av rensefisk / rognkjeks.
  • Steinvik Settefisk, eit nytt og moderne storsmoltanlegg under bygging i Svelgen.
  • Godfisken, eit lokalt samarbeid mellom fleire oppdrettarar som chartrar brønnbåten Ro Server som nyttast til avlusing av laks og aure med bruk av Thermolicer. Gruppa i Godfisken har og kjøpt og driftar ein bløggebåt.
  • Samarbeid med ulike aktørar som: slakteri, båtverkstader, verft, arkitektar, skular og ulike lokalsamfunn og lag/organisasjonar.