Ledig stilling: Leiar for Strategi og Finans

 

Om stillinga:

Steinvik-konsernet har dei siste åra gjort større investeringar i drift på sjø og på land. Den nyaste storsatsing har selskapet utført i Svelgen med nytt moderne storsmoltanlegg i Breivika. I takt med våre satsingar ynskjer selskapet å styrke økonomifunksjonen. Kartlegging av kostnadsutvikling og økonomisk analyse knytt til optimal produksjon blir sentrale oppgåver knytt til funksjonen som leiar for strategi og finans. Stillinga vil og blant anna medføre at man vil utvikle dagens økonomisystem og være aktiv pådrivar for økonomisk styring i heile konsernet.


Som vår Leiar for strategi og finans vil du:

  • Ha ansvar for økonomistyring i Steinvik-konsernet
  • Ta del i leiargruppa i Steinvik Fiskefarm
  • Pådrivar for økonomisk analyse knytt til drift frå smolt til matfisk
  •  Vere tilsett i Steinvik Fiskefarm (medlem av Steinvik-gruppa)
  •  Sentral i prosjektledelse knytt til investeringar i Steinvik Gruppa
  •  Bidra til at økonomisk analyse gir beslutningstøtte til styret i konsernet
  •  Delta og være pådrivar for strategi og prosessleiing
  •  Oppfølging av investeringar

Som person er du:

  • Sjølvstendig, men også ein lagspelar
  • Ryddig og strukturert
  • Klar for å løyse krevjande utfordringar
  • Flink til å ta ansvar for eiga rolle og oppgåver
  •  Villig til å lære ny kunnskap om bransje/ fag og sjå etter forbetringar
  • Interessert i å ta i bruk/ implementere nye styringsverktøy

 

Desse kvalifikasjonane ser vi etter:

  • Økonomiutdanning (Bachelor eller mastergrad)
  • Minimum 3 års relevant arbeidserfaring tilknytt økonomifunksjon
  • Bransjekunnskap er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Kunnskap / erfaring med rekneskap
  • God kunnskap til Excel
  • Førarkort (klasse B)
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Vi kan tilby:

  • Eit triveleg arbeidsmiljø og gode fasilitetar
  • Varierte arbeidsoppgåver og utfordringar, i team og individuelt
  • Gode velferdsordningar
  • Arbeidsplass på hovudkontoret til Steinvik Fiskefarm på Hopen, Eikefjord

For meir informasjon om stillinga, kontakt dagleg leiar for Steinvik Fiskefarm, Erlend Vassbotten,
på mobil: 908 87 770.

Send søknad og CV til: jobb@steinvik.no

Søknadsfrist: 22.12.2021


Ledig stilling: Driftsoperatør smolt / rensefisk 

 

Om stillinga:

Ser du for deg ei framtid i ei spennande næring i sterk utvikling? Ønskjer du å jobbe i ei pionérbedrift med gründerånd, flat struktur og triveleg arbeidsmiljø? Vil du jobbe på eit unikt og moderne rensefisk og storsmoltanlegg? Har du erfaring frå akvakultur, eller anna teknisk/praktisk erfaring? Då vil vi gjerne ha deg med i vårt team.

Som vår rensefisk/smoltoperatør vil du:

  • Arbeide på eit moderne landanlegg
  • Produsere kvalitetsmolt eller rensefisk til Steinvik Fiskefarm og kundar i heile Noreg
  • Handtere, fôre og sjå etter fisken – sørge for at den har det bra
  • Bruke og vedlikehalde teknisk og maskinelt utstyr og anlegg
  • Ha tett dialog med leiinga
  • Jobbe individuelt og i team med andre driftsoperatørar
  • Følgje våre HMS-rutinar og internkontroll
  • Rapportere og handtere avvik i produksjonen
  • Gå inn i vaktordning kvar 4. veke og kvar 4. helg
  • Være tilsett i Barlindbotn Settefisk AS (underselskap av Steinvik Fiskefarm AS)

Som person er du:

  • Motivert av berekraftig matproduksjon
  • Handlekraftig og sjølvstendig, men også ein lagspelar
  • Ryddig og påpasseleg med hygiene (sidan ein jobbar med levande individ)
  • Ikkje redd for å rapportere avvik eller føreslå forbetringar i produksjonen
  • Nøyaktig og observant på endringar i åtferda til fisken
  • Klar for å løyse krevande utfordringar
  • Bidragsytar til eit godt og sikkert arbeidsmiljø
  • Flink til å ta ansvar for eiga rolle og oppgåver
  • Villig til å lære ny kunnskap om fag og fisk
  • Interessert i å ta i bruk nye verktøy
  • Omsynsfull overfor medarbeidarar, fisk og miljø

Desse kvalifikasjonane ser vi etter:

  • Fagbrev/utdanning og/eller erfaring innan akvakultur er ein fordel, men anna teknisk eller praktisk erfaring kan vere aktuelt då vi vil gje grundig opplæring
  • Førarkort (klasse B)
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Vi kan tilby:

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og utfordringar, i team og individuelt
  • Moglegheit for opplæring, og fagleg og personleg utvikling
  • Tett dialog med leiinga
  • Gode velferdsordningar
  • Moderne utstyr og gode fasilitetar
  • Arbeidsstad: Barlindbotn (Kinn kommune) eller Svelgen (Bremanger Kommune)

Vi har sterk lokal forankring og du må vere villig til å pendle til eller bu nærområdet.

For meir informasjon om stillinga, kontakt dagleg leiar Reidar Haugen for Barlindbotn Settefisk. Tlf: 957 57 810.

Send søknad og CV til: jobb@steinvik.no

Søknadsfrist: 09.01.2022

 

Generell info

Steinvik-gruppa driv med matfiskproduksjon av laks på 9 lokalitetar i Kinn og Askvoll, samt settefisk og rognkjeksproduksjon i høvesvis Kinn og Bremanger. Vårt nye storsmoltanlegg i Svelgen nærmar seg ferdigstilling og ny smolt har flytta inn. Steinvik-gruppa består av 45 tilsette og er medeigar i fleire selskap. Blant anna Aqua Dykk, Godfisken, Seaborn, Havsterk og Salmon Group

Selskapet har ein produksjon av matfisk på 9000-10.000 tonn pr. år. Hovudkontoret ligg på Steinvik i Høydalsfjord, med arbeidsbasar på Seljeseth, Flokenes, Barlindbotn og Svelgen.

Vi er ei spennande næring i sterk utvikling, og kan tilby eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. For våre tilsette har vi gode tekniske løysingar, med avansert utstyr, som gjev lettare og meir spennande arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr ryddige tilsetjingstilhøve og gode velferdsordningar.

Steinvik Fiskefarm er ein bevisst distriktsutbyggar og ein engasjert støttespelar i lokalsamfunnet.

Vi treng stadig nye medarbeidarar. Til dømes matfiskoperatørar og smoltoperatørar.

Steinvik søkjer særskilt etter personar med relevant utdanning, og/eller relevant røynsle i næringa.

Du kan sende ein open søknad med CV til: jobb@steinvik.no