Er du vår nye fiskehelsebiolog / veterinær?

Hjelp oss med å løyse morgondagens utfordringar.

Ser du for deg ei framtid i ei spennande næring i sterk utvikling? Ønskjer du å jobbe i ei pionérbedrift med gründerånd, flat struktur og triveleg arbeidsmiljø? Brenn du for fiskehelse og fiskevelferd? Vil du ha ein variert arbeidskvardag med ansvar for velferda til settefisk, storsmolt, matfisk og rognkjeks? Då vil vi gjerne ha deg med i vårt team.

Som vår fiskehelsebiolog/veterinær vil du:

  • ha ansvar for velferda til matfisk som skal til kundar i heile verda
  • ha ansvar for velferda til rognkjeks, settefisk og storsmolt på land
  • sikre god kvalitet og helse på fisken gjennom tilsyn, prøver, diagnostikk og rådgjeving
  • følgje opp viktige operasjonar som vaksinering, avlusing, transport, bløgging og behandling
  • bidra med intern opplæring til gruppas tilsette
  • motivere og leie medarbeidarar i førebyggande helsearbeid
  • ha tett dialog med leiinga
  • delta på utbyggingar og investeringar på nye land- og sjøanlegg
  • dokumentere tiltak og resultat og rapportere avvik i produksjonen
  • følgje våre HMS-rutinar og internkontroll
  • veksle mellom arbeid på hovudkontor og i felt
  • vere tilsett i Steinvik Fiskefarm, med oppgåver for heile Steinvik-gruppa (Steinvik Fiskefarm, Barlindbotn Settefisk, Steinvik Settefisk og Steinvik Rensefisk)

Som person er du:

  • motivert av berekraftig matproduksjon
  • interessert i fiskehelse og -velferd
  • glad i å jobbe både ute og inne
  • sjølvstendig, men også ein lagspelar
  • klar for å løyse krevande utfordringar
  • fleksibel og villig til å snu deg rundt på kort varsel
  • ikkje redd for å rapportere avvik eller føreslå forbetringar
  • flink til å ta ansvar for eiga rolle og oppgåver
  • glad i å rettleie og motivere medarbeidarar
  • villig til å lære ny kunnskap om fag og fisk
  • omsynsfull overfor medarbeidarar, fisk og miljø
  • datakyndig og flink til å tolke og framstille data
  • merksam og observant på endringar i fisken si åtferd

Desse kvalifikasjonane ser vi etter:

  • Fiskehelsebiolog/veterinær
  • Erfaring frå havbruk er ein fordel, men nyutdanna kandidatar kan også søke
  • Førarkort (klasse B)
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Vi kan tilby:

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og utfordringar med ansvar for settefisk, storsmolt, matfisk og rensefisk
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Tett dialog med leiinga
  • Samarbeid med andre fiskehelsebiologar/veterinærar i Salmon Group-nettverket
  • Gode velferdsordningar
  • Veksling mellom kontorarbeid og feltarbeid
  • Nytt og moderne utstyr og gode fasilitetar
  • Kontor, sjø- og landanlegg i nærleiken av byane Florø og Førde

Du må rekne med reiseaktivitet mellom hovudkontoret på Steinvik (Kinn Kommune) og våre basar på Seljeseth (Kinn kommune), Flokenes (Askvoll Kommune) og Svelgen (Bremanger Kommune).

Vi har sterk lokal forankring og du må vere villig til å bu i Kinn/Sunnfjord/Bremanger.

For meir informasjon om stillinga, kontakt dagleg leiar for Steinvik Fiskefarm, Erlend Vassbotten, på mobil: 908 87 770.

Send søknad og CV til: jobb@steinvik.no innan 20. mars, 2020.

Vi gler oss til å høyre frå deg.

Spørsmål? Ring dagleg leiar matfisk, Erlend Vassbotten, på: 908 87 770.

Søke? Send søknad og CV til jobb@steinvik.no innan 20 mars, 2020.