Er du vår nye matfiskoperatør?

Hjelp oss med å løyse morgondagens utfordringar.

Ser du for deg ei framtid i ei spennande næring i sterk utvikling? Ønskjer du å jobbe i ei pionérbedrift med gründerånd, flat struktur og triveleg arbeidsmiljø? Har du erfaring frå merdkanten, eller anna teknisk/praktisk erfaring? Då vil vi gjerne ha deg med i vårt team.

Som vår matfiskoperatør vil du:

  • produsere kvalitetslaks til kundar i heile verda
  • sørge for at fisken har det bra
  • drifte og vedlikehalde våre 9 matfiskanlegg
  • ha tett dialog med driftsleiar og produksjonsleiar
  • jobbe i team med andre matfiskoperatørar
  • følgje våre HMS-rutinar og internkontroll
  • rapportere og handtere avvik i produksjonen
  • navigere båt og bruke teknisk utstyr
  • gå inn i helgevaktordning kvar fjerde helg
  • vere tilsett i Steinvik Fiskefarm (medlem av Steinvik-gruppa)

Som person er du:

  • motivert av berekraftig matproduksjon
  • glad i å jobbe ute i all slags vêr
  • sjølvstendig, men også ein lagspelar
  • ryddig og påpasseleg med hygiene (sidan ein jobbar med levande individ)
  • ikkje redd for å rapportere avvik eller føreslå forbetringar i produksjonen
  • klar for å løyse krevande utfordringar
  • bidragsytar til eit godt og sikkert arbeidsmiljø
  • flink til å ta ansvar for eiga rolle og oppgåver
  • villig til å lære ny kunnskap om fag og fisk
  • interessert i å ta i bruk nye verktøy
  • omsynsfull overfor medarbeidarar, fisk og miljø

Desse kvalifikasjonane ser vi etter:

  • Fagbrev/utdanning og/eller erfaring innan akvakultur er ein fordel, men anna teknisk eller praktisk erfaring kan vere aktuelt då vi vil gje grundig opplæring
  • Førarkort (klasse B) og gjerne båtførarbevis
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Vi kan tilby:

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og utfordringar, i team og individuelt
  • Moglegheit for opplæring, og fagleg og personleg utvikling
  • Tett dialog med driftsleiar og produksjonsleiar
  • Gode velferdsordningar
  • Nytt og moderne utstyr og gode fasilitetar
  • Base/arbeidsplass på Seljeseth (Kinn Kommune) og i Flokenes (Askvoll Kommune) i nærleiken av byane Florø og Førde

Vi har sterk lokal forankring og du må vere villig til å bu i Kinn/Sunnfjord/Askvoll/Bremanger. Derfor tilbyr vi ikkje turnusordning.

For meir informasjon om stillinga, kontakt dagleg leiar for Steinvik Fiskefarm, Erlend Vassbotten, på mobil: 908 87 770.

Send søknad og CV til: jobb@steinvik.no innan 20. mars, 2020.

Vi gler oss til å høyre frå deg.

Spørsmål? Ring dagleg leiar matfisk, Erlend Vassbotten, på: 908 87 770.

Søke? Send søknad og CV til jobb@steinvik.no innan 20 mars, 2020.