Er du vår nye smoltoperatør?

Hjelp oss med å løyse morgondagens utfordringar.

Ser du for deg ei framtid i ei spennande næring i sterk utvikling? Ønskjer du å jobbe i ei pionérbedrift med gründerånd, flat struktur og triveleg arbeidsmiljø? Vil du jobbe på eit unikt og moderne storsmoltanlegg? Har du erfaring frå akvakultur, eller anna teknisk/praktisk erfaring? Då vil vi gjerne ha deg med i vårt team.

Som vår smoltoperatør vil du:

  • arbeide på eit unikt og moderne storsmoltanlegg på land
  • produsere kvalitetsmolt til Steinvik Fiskefarm og kundar i heile Noreg
  • handtere, fôre og sjå etter fisken – sørge for at den har det bra
  • bruke og vedlikehalde teknisk og maskinelt utstyr og anlegg
  • ha tett dialog med leiinga
  • jobbe individuelt og i team med andre settefiskoperatørar
  • følgje våre HMS-rutinar og internkontroll
  • rapportere og handtere avvik i produksjonen
  • gå inn i vaktordning kvar 4. veke og kvar 4. helg
  • vere tilsett i Steinvik Settefisk, men du vil arbeide og få opplæring i Barlindbotn Settefisk fram til det nye storsmoltanlegget er klart ca. 01.02.2021

Som person er du:

  • motivert av berekraftig matproduksjon
  • handlekraftig og sjølvstendig, men også ein lagspelar
  • ryddig og påpasseleg med hygiene (sidan ein jobbar med levande individ)
  • ikkje redd for å rapportere avvik eller føreslå forbetringar i produksjonen
  • nøyaktig og observant på endringar i åtferda til fisken
  • klar for å løyse krevande utfordringar
  • bidragsytar til eit godt og sikkert arbeidsmiljø
  • flink til å ta ansvar for eiga rolle og oppgåver
  • villig til å lære ny kunnskap om fag og fisk
  • interessert i å ta i bruk nye verktøy
  • omsynsfull overfor medarbeidarar, fisk og miljø

Desse kvalifikasjonane ser vi etter:

  • Fagbrev/utdanning og/eller erfaring innan akvakultur er ein fordel, men anna teknisk eller praktisk erfaring kan vere aktuelt då vi vil gje grundig opplæring
  • Erfaring og/eller fagbrev innan mekanikar/elektrikar/røyrleggar-fag er også aktuelt
  • Førarkort (klasse B)
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Vi kan tilby:

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og utfordringar, i team og individuelt
  • Moglegheit for opplæring, og fagleg og personleg utvikling
  • Tett dialog med leiinga
  • Gode velferdsordningar
  • Nytt og moderne utstyr og gode fasilitetar
  • Arbeidsplass i Svelgen (Bremanger kommune)

Vi har sterk lokal forankring og du må vere villig til å bu i Svelgen-området.

Alternativt kan du vere stasjonert på anlegget i Svelgen kvar fjerde veke og kvar fjerde helg når du har vaktansvar. Dette fordi du må vere nær anlegget om alarmen går. Vi har fasilitetar du kan bu i.

Oppmøte og arbeidsplass er på Barlindbotn Settefisk (Eikefjord) fram til planlagt oppstart i Svelgen 01.02.2021.

For meir informasjon om stillinga, kontakt dagleg leiar for Barlindbotn Settefisk og Steinvik Settefisk, Reidar Haugen, på mobil: 957 57 810.

Send søknad og CV til: jobb@steinvik.no innan 20. mars, 2020.

Vi gler oss til å høyre frå deg.

Spørsmål? Ring dagleg leiar settefisk, Reidar Haugen, på: 957 57 810.

Søke? Send søknad og CV til jobb@steinvik.no innan 20. mars, 2020.