• Facebook
Steinvik
  • Framside
  • Produkt
    • Marknad
    • Kvalitet
  • Historia
  • Kart lokalitetar
    • Steinvik
    • Klavelandet
    • Ålvora
    • Seljeseth
    • Veiesund
    • Sveholmane
    • Kviteskjeret
    • Hella
    • Barlindbotn Settefisk AS
    • Steinvik Rensefisk
  • Film
  • Aktuelt
  • Kontakt
    • Tilsette
    • Personvern
  • Karriere
  • Visningssenter
    • Arrangement
    • Følg oss på FB
  • Sponsorstøtte
  • Søk
  • Menu

Tilsette

Steinvik- gruppa  er oppbygd på følgjande måte:

Med Alex Vassbotten som dagleg leiar og Inge Helge Vassbotten som styreformann. Elles sit Vidar Vårdal og Peter Midtun i styret.

I tillegg finn ein desse 4 personane i administrasjonen:

  • Jardar Rysjedal som produksjonssjef  for alle 7 lokalitetane med produksjon av laks og aure. Han har Aquakulturutdanning frå Sogndal og lang røynsle i bransjen.
  • Kristian Johannessen er driftsleiar for alle 7 lokalitetane med produksjon av laks og aure. Han har Aquakulturutdanning frå Sogndal og lang røynsle frå bransjen, m.a. frå Alsaker Fjordbruk.
  • Inger Svare Kvien er kvalitetsleiar i bedrifta med ansvar for kvalitetssikring og HMS. Ho har ei mastergrad innan Aquakultur frå Ås, og har lang røynsle m.a. som förkonsulent for Biomar.
  • Kari Stavik er økonomiansvarleg med ansvar for alt frå løn, budsjettering og årsrekneskap. Er utdanna bedriftsøkonom frå BI, og har lang fartstid i bransjen og bedrifta.

Steinvik- gruppa  består også av 2 settefiskanlegg. Barlindbotn Settefisk for laks og aureyngel i Flora kommune, med  Reidar Haugen som dagleg leiar og totalt 5 tilsette. Dagleg leiar har Aquakulturutdanning frå Sogndal og lang røynsle med yngel og smoltproduksjon.

Så  har vi Steinvik Rensefisk i Bremanger kommune, med Kjartan Wiik som driftsleiar og totalt 7 tilsette. Driftsleiar har lang røynsle frå torsk og lakseproduksjon inklusiv  slakteri for fisk. I Svelgen driv Steinvik no med produksjon av rognkjeks (til bruk som reinsefisk). Den framtidige planen er å byggje også eit settefiskanlegg og eit postsmoltanlegg (stor smolt) her.

Steinvik Fiskefarm er i stadig utvikling med bygging av nye anlegg og fasilitetar. Bjarte Steinhovden er teknisk leiar i Steinvik-gruppa. Han har meisterbrev og lang røynsle innan rør- og anleggsverksemd.

Elles har Steinvik Fiskefarm lagt om heile organisasjonen (2012/2013) som følgje av eit pionerprosjekt innan fôring. All fôring på 6-fleire matfisklokalitetar føregår frå eitt kontrollrom med 117 kamerapunkt. Kvar mær har eitt kamera som viser levande bilete av livet på overflata og nede i djupet. Ved hjelp av desse får teamleiarane på kontrollrommet eit godt bilete av matlysta til fisken. Det er appetittfôring som gjeld.

Dei 2 teamleiarane som styrer kontrollsenteret kvar si veke  er:

  • Ole Hermann Vokuhl, som er aquakulturutdanna.
  • Per Moen, med lengst fartstid i Steinvik Fiskefarm.

Drifts- og serviceteam
Steinvik har utanom fôringsteamet, delt staben – totalt 24 tilsette – inn i driftsteam og serviceteam. Desse teama tek seg av dei tyngste oppdraga som avlusing, spyling og notarbeid. No kan mannskapa bruka meir tid på andre oppgåver som ofte kom i skuggen av fôringa. Systemet gjer også arbeidet tryggare, då ein kan henta inn bilete frå dei ulike arbeidsaktivitetane og frå kvar arbeidsbåtane er. Kvar einskild person kan brukast der dei passar best, og få betre flyt i arbeidet. Denne organiseringa gjev også mindre helgearbeid, noko dei tilsette set pris på.

Kontakt oss:

Steinvik Fiskefarm AS - 6940 Eikefjord Tlf: 57 75 25 90 - post@steinvik.no

PERSONVERNERKLÆRING

Tilknytta selskap:

Havsterk
Barlindbotn Settefisk
Seaborn
Aquadykk

Følg oss på Facebook

Levert av Mediebruket og A til Å.
  • Facebook
Scroll to top

Denne nettsida brukar cookies/informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke sida, godtek du bruken vår av cookies.

Eg godtek vilkåraLes personvernerklæring vår