Vil du hjelpe oss med å løyse morgondagens utfordringar?

Steinvik lagar 30 millionar berekraftige laksemåltid årleg til kundar i heile verda. Dette hadde vi ikkje klart utan våre flinke medarbeidarar. Vil du bli med på laget vårt? Søk snarast med CV og søknad til jobb@steinvik.no

Er du glad i rå og vakker natur? Kan du tenke deg å vere laksens næraste kontaktpunkt før den blir slakta og sendt ut i verda? Då er matfiskoperatør rolla for deg.

Likar du ein blanding av felt- og kontorarbeid? Som fôringsoperatør kan du overvake 2 millionar laks via hovudkontoret, og samstundes røkte fisken på merdkanten.

Brenn du for fiskehelse og dyrevelferd? Du kan bli «legen» til vår settefisk, storsmolt, matfisk og rognkjeks. Som vår fiskehelsebiolog/veterinær vil du få ein spennande kvardag.

Er du ein «landkrabbe» som heller vil jobbe med fisk på land? Som vår smoltoperatør vil du jobbe på eit unikt og moderne anlegg som skal huse både storsmolt og rensefisk.

Oppdatering: stillingane er no fyllt, men send gjerne open søknad og CV til jobb@steinvik.no