Velkommen til Steinvik i mai 2021!
Kvart år har vi «open dag» på Steinvik Fiskefarm Visningssenter. Dette har blitt eit årvisst arrangement ein av laurdagane i mai.
Vi har arrangert Open Dag kvart år sidan visningssenteret vårt opna i 2011. Open Dag har opparbeidd seg eit godt rykte og blitt eit etterspurd familiearrangement med svært mange besøkande.
Open Dag 2020 blei diverre avlyst grunna fare for koronasmitte. Vi satsar på ny Open Dag i mai 2023. Dette blir den 10-ande gongen Steinvik arrangerer Open Dag.
På denne laurdagen tilbyr vi publikum i alle aldrar å KOMA, SJÅ OG OPPLEVA: fisken i mærane, oppdrettsutstillinga, fiskekonkurranse for born (vi held fiskeutstyret), spørjekonkurranse, trekking av premiar, veteranbilar og amcar-bilar, båt-turar, stand med Røde Kors, sal av røykelaks og grilla laks m.m.
I tillegg vankar det som regel ei SPENNANDE OVERRASKING kvart år.
Og sjølvsagt er det GRATIS INNGANG FOR ALLE !
Sjå annonser i aviser, plakatar og på nett når det nærmar seg mai 2023.
Les artiklar og sjå flotte bilete frå open dag:
Steinvik Visningssenter i Firda 24. mai 2014