Steinvik er oppteken av lokalsamfunnet vi er ein del av. Vi er ein viktig støttespelar for lag og organisasjonar, dette for å bidra til aktivitet og trivsel. Steinvik ynskjer å vere ein distriktsutbyggar, og er medeigar i fleire ulike selskap. Der det trengs, samarbeider vi også med dei andre oppdrettarane. Vi kan vise til selskapet Godfisken og Salmon Group. Steinvik er og aktiv medeigar i båt- og flåteprodusenten Havsterk, salsselskapet Seaborn, dykkarselskapet Aquadykk og rådgjevingsselskapet Onshore Aqua. Dessutan har Steinvik eit visningssenter, der vi aktivt tek inn skuleklassar og andre interesserte, for å bidra til å auke kunnskapen om næringa. I tillegg er Steinvik ei lærlingbedrift og har lærlingar innan mekaniske- og oppdrettsfag.