Steinvik Rensefisk

Steinvik Fiskefarm • www.steinvik.no
Steinvik Fiskefarm • www.steinvik.no

Steinvik Rensefisk ligg i Breivika i Svelgen i Bremanger kommune, og blei stifta i 2013. Anlegget ligg like ved Steinvik settefisk sitt postsmoltanlegg. Steinvik-gruppa overtok og rusta opp bygningsmassen i Breivika etter at det tidlegare var produksjon av flatfisk og torskeyngel i bygget. Dei fyrste åra etter etableringa av selskapet blei det produsert rognkjeks. Frå 2022 investerte selskapet ytterlegare i anlegget og bygde nye avdelingar for å kunne produsere berggylte. Berggylta erstatta rognkjeksproduksjonen i 2023. Føremålet med produksjon av rensefisk, er å sette ut fisken saman med laksen på visse tider av året, då rensefisken et lakselus og bidreg til å halde låge lusenivå på sjølokalitetane. På ein slik måte minskar ein behov for handtering i samband med lakselusbehandling.

  • Etablert: 2013

  • Tal tilsette: 15

  • Årleg produksjon:
    ca. 500 000 berggylte

  • Anlegg: 1

Lurer du på noko? Ta gjerne kontakt med oss!

STEINVIK RENSEFISK

Strandvegen 22
6723 Svelgen
Org: 995 725 134

Kjartan Wiik, Driftsleiar

Steinvik Rensefisk

Steinvik Rensefisk

  • Konsesjon rognkjeks

    10 millionar individ

  • Konsesjon smolt

    4,5 millionar smolt

  • Tal tilsette

    12 stk.