Kven er vi?
Kva gjer vi?

Steinvik består av selskapa Steinvik Fiskefarm, Steinvik Fiskefarm Visningssenter, Steinvik Rensefisk og Barlindbotn Settefisk som til saman har over 60 tilsette. I Steinvik produserer vi  laks og aure fordelt på 9 sjølokalitetar i Kinn og Askvoll kommune, samt settefisk, storsmolt og rensefisk på land i Kinn og Bremanger kommune. Steinvik driv også med formidling av havbrukshistorie på visningssenteret, som ein finn på Steinvika der det heile starta.

Steinvik Fiskefarm • www.steinvik.no
Steinvik Fiskefarm • www.steinvik.no
Steinvik Fiskefarm • www.steinvik.no

Stolt historie

Frå fiskarbonde til lakseindustri

På Steinvik gard har det vore drive tradisjonelt jordbruk ved sidan av fiske og handverk, som blant anna båtbygging og smiedrift. Tidleg på 1980-talet såg nye generasjonar nye moglegheiter. Det starta med Bru Fiskeoppdrett med smoltproduksjon i Storevatnet, før dette utvikla seg til oppdrett av matfisk i sjø på Steinvik etter at Inge Helge og Alex Vassbotten fekk sin fyrste konsesjon i sjø. Allereie etter eitt års drift var Steinvik ein av oppdrettstoppane i Noreg på denne tida

Det starta i det små med pionerarbeid, pågangsmot og tru på at oppdrett av laks skulle lukkast. Etter oppstarten har det blitt lagt stein på stein for å utvikle verksemda frå å være ei attåtnæring til noko å kunne leve av. Med både nedturar og oppturar lukkast ein sakte men sikkert. Laksen blei stadig ei etterspurd vare i heile verda ,og norsk lakseoppdrett har blitt ein suksess, også på Steinvika. Sidan oppstarten har det vore fleire milepælar med blant anna etablering av fleire lokalitetar, visningssenter, settefisk, storsmolt og rensefiskanlegg. Steinvik er i dag ei hjørnesteinsbedrift i lokalsamfunnet med fokus på å utvikle og ruste verksemda for framtida.