Steinvik Visningssenter

Steinvik Fiskefarm • www.steinvik.no
Steinvik Fiskefarm • www.steinvik.no

Steinvik Fiskefarm Visningssenter

Steinvik Fiskefarm Visningssenter ligg i Høydalsfjord i Kinn Kommune, nær byane Florø og Førde. Senteret er ein del av Steinvik Fiskefarm som har vore pionerar innan oppdrett sidan 80-talet. Steinvik Fiskefarm Visningssenter er eit av dei fyrste i Noreg.

Dette er eit praktisk visningsanlegg for produksjon av laks og aure, som driv med formidling av korleis ein driv fiskeoppdrett og havbrukshistorie for publikum. Visningssenteret tilbyr skreddarsydd visning med guide for alle aldrar og grupper. Guidane har lang erfaring med fiskeoppdrett og kan fortelje om utviklinga som har skjedd i næringa frå den spede start til den dag i dag. På senteret får ein sjå utstillingar innandørs som illustrerer korleis ein driv oppdrett, og ei reise i Steinvik si historie frå etablering fram til i dag. I tillegg er senteret tilknytt ein lokalitet med merdar, som gjev deg moglegheita til å sjå laksen eller auren i praksis.

Steinvik Fiskefarm Visningssenter har fast tradisjon med å  ta inn skuleklassar på ulike alderstrinn årleg. I tillegg blir det arrangert Open Dag ein gong i året med ulike aktivitetar. Open Dag har vore særs populær med mange besøkande. Visningssenteret er ope for alle som har interesse av å læra meir om norsk fiskeoppdrett. Visningssenteret er gratis for alle besøkande. Sjå opningstider lengre nede på denne sida.

Visningssenteret tilbyr skreddarsydde opplegg med guide, etter alder eller type gruppe. Familien Vassbotten, som sjølve er guidar, har lang erfaring innan oppdrett, og kan fortelja om utviklinga som har skjedd i havbruksnæringa fram til dagens moderne produksjon.

Open dag

Steinvik Fiskefarm Visningssenter vart offisielt opna sommaren 2011. Kvart år med unntak av åra med usikkerheit rundt COVID-19, har Steinvik Visningssenter arrangert Open Dag. Arrangementet har blitt meir og meir populært frå år til år sidan oppstart. Dei siste åra har det vore i snitt over 1000 besøkande. Under Open Dag har ein i tillegg til visning lagt opp til familievenlege aktivitetar. Det har vore quiz, fiskekonkurransar, dåp av båtar, utstilling av veteranbilar, servering av mat og mykje anna. Sjå Steinvik si side på Facebook for informasjon om Open Dag i framtida, samt bilete frå tidlegare visningar.


Lurer du på noko? Ta gjerne kontakt med oss!

STEINVIK VISNINGSSENTER

Sandviksvegen 264
6940 Eikefjord
Org: 991 295 119

Anne Karin Vassbotten, Leiar Visningssenter

STEINVIK VISNINGSSENTER