Steinvik

Lokaliteten ligg i Kinn kommune, på Steinvik nær kontorbygget på Hopen, på nordsida av Høydalsfjorden.

Denne lokaliteten vart teken i bruk i 1986 då Steinvik Fiskefarm vart stifta, og var den fyrste lokaliteten til bedrifta.

Her er eit stålanlegg med 6 bur: 25 x 25 m.

(Lokaliteten har også 10 bur 15 x 15 m som ikkje er i bruk, frå oppstarten i 1986.)

Maksimum tilleten biomasse (MTB) / konsesjon på lokaliteten er på: 1560 tonn matfisk.

Djupne under anlegget er frå: 100 – 140 m.

Her er fôring frå land med akvafôringsanlegg, 2 fôringslinjer frå 4 siloar med totalkapasitet på 30 tonn fôr.

Denne lokaliteten ligg i tilknytning til Steinvik Fiskefarm Visningssenter, og vert brukt som visningslokalitet. Sidan den ligg ved land, er den ideell til dette bruket.